Barn og foreldre

Alle barn har rett på ein trygg og god barndom og oppvekst. Familien er den viktigaste kjelada til læring, omsorg, tryggheit og tillit. Samstundes har vi fleire lover som sikrar at det offentlege også kan bidra til beste for barna. I det daglege er det kommunen som skal sørge for barnets beste, men også fleire statlege styresmakter har oppgåver knytt til forholdet mellom barn og foreldre.


18.05.2020

Ny rettleiar om legemiddelhandtering i barneverninstitusjonar

Det er avdekka fleire risikomoment ved legemiddelhandtering i norske barnevernsinstitusjonar. På bakgrunn av det, har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utarbeidd ein nasjonal rettleiar for forsvarleg handtering av legemiddel i barnevernsinstitusjonane.

14.05.2020

Legg bort lovlegkontroll om publisering av barnevernsrapport

Samnanger kommune si avgjerd om å publisere ein granskingsrapport på nett, kan ikkje takast opp til lovlegkontroll etter kommunelova. Vi har derfor avslutta saka utan vidare handsaming.

13.05.2020

Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge

Mange barn og unge har ikkje fått det tilbodet dei har rett på under koronakrisa. Rapporten tilrår å opne alle tenester for barn og unge utan unødvendig opphald og i tråd med grunnleggande smittevernomsyn.

22.04.2020

Saksbehandling ved inhabilitet i barnevernstenesta

Dersom det på grunn av inhabilitet ikkje er nokon i kommunen som kan behandle saka, kan Fylkesmannen overføre saka til ein annan kommune.

06.04.2020

Rettleiingstelefon for barneverntenestene

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har oppretta ein rettleiingstelefon for barnevernsleiarar og kommuneleiarar med ansvar for barnevern.

25.03.2020

Barn og unge som ønsker å komme i kontakt med oss

Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen er tilgjengeleg for alle barn og unge. Her finn du kontaktinformasjon viss du vil komme i kontakt med oss. 

23.03.2020

Barn som bur i utrygge heimar skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod

Barn under omsorg av foreldre med psykisk liding og/eller rusliding skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod.

16.03.2020

Barnevern og smittevern

Barn, unge og foreldre som treng hjelp frå barnevernet skal få det, også under korona-pandemien. Bufdir har laga ei temaside med informasjon om korleis barn og foreldre kan få nødvendig hjelp frå barnevernet slik situasjonen er no.

16.03.2020

Avlysing av eksterne aktivitetar

På grunn av koronasituasjonen avlyser vi alle eksterne aktivitetar fram til 1. august. Vi kjem heller ikkje til å planleggje nye samlingar i denne perioden.

21.02.2020

Ny rettleiar til hjelp ved tilstandsrapportering til kommunestyret om barnevern

Det nye forslaget til barnevernlov omfattar eit krav om at barneverntenestene skal gjere ei årleg tilstandsrapportering til kommunestyret. Bufdir anbefaler at ein allereie no startar arbeidet med å utarbeide ein tilstandsrapport i det kommunale barnevernet.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel