Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Korleis lage kommunedelplanar for naturmangfald?


Miljødirektoratet gir i ny rettleiar råd om korleis vi kan ta vare på verdifull natur i kommunal planlegging.

Publisert 13.01.2021

Kommunane har ei avgjerande rolle i å forvalte naturen på ein god måte, og bidra til å stanse tapet av viktig naturmangfald. Ein kommunedelplan for naturmangfald gir kommunane kunnskap om og oversikt over naturmangfaldet i kommunen og eit godt grunnlag for å gjere riktige og gode val for arealbruk og utbyggingstiltak.

Miljødirektoratet har nå publisert ein rettleiar for kommunar som ønskjer å utarbeide ein slik kommunedelplan. Rettleiaren finn du på nettsidene til Miljødirektoratet.

Nå er det og etablert ei tilskotsordning der kommunar som ønskjer å utarbeide ein slik plan kan søke tilskot.

Søknadsfristen er 1. februar.

Søknad må sendast inn via det elektroniske søknadssenteret til Miljødirektoratet