Nødstraum i landbruket

Når Fylkesmannen flyttar inn i nytt bygg vil det gamle nødstraumaggregatet seljast til ein mjølkebonde eller ein svinebonde i Vestfold og Telemark.  Fylkesmannen vil med salet sjå til at aggregatet framleis vil gje eit bidrag til beredskapen i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.10.2020

Tidlegare straumavbrot har vist at både svineprodusentar og mjølkeprodusentar er sårbare ved straumavbrot. Det må leggjast til at me har ein god og sikker straumforsyning i fylket. Samstundes er det den einskilde næringsverksemda som sjølv har ansvar for beredskap i fall straumen vert borte, seier kraftforsyningas distriktssjef, Hilde Walmestad, frå Skagerak Nett. 

Bondelaga i Vestfold og Telemark har i lang tid hatt eit fokus på beredskap i landbruket. Me veit at medlemmane er opptekne av beredskap og bidrar med å finne ein god kjøpar, samstundes som me nyttar anledninga til å få auka merksemd på beredskap i landbruket, seier organisasjonssekretær Elin Røed i Bondelaget i Vestfold.

Kven som får kjøpe aggregatet vert bestemt av ein jury med Skagerak Nett, Bondelaget og Fylkesmannen. Avgjerda vert ei vurdering ut frå pris, sårbarheit og produksjonskapasitet

Meir informasjon om aggregatet og utlysinga finn du i vedlegget til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.