Etterspurd rettleiar for smittevern for campingplassar og gjestehamner

Kommunane har bedt Fylkesmannen utarbeide ein rettleiar for smittevern under Covid-19-pandemien for campingplassar og gjestehamner i fylket vårt. 

Formålet med rettleiaren er å sikre at smitteverntiltak følges opp på hensiktsmessig måte ved campingplassar og gjestehamner, slik at eventuell smitte av koronavirussjukdom vert hindra. Videre er det ønskeleg at dei forskjellige verksemda i fylket held seg til så like føringar som mogleg.

Det er den enkelte campingplass og gjestehamn sitt ansvar at smitteverntiltaka er forsvarlege, men kommuneoverlegen kan hjelpe i smittevernfaglege vurderingar. Rettleiaren må sjåast på som rettleiande, og med moglegheit for den einskilde kommuneoverlege til å gjere justeringar i dei smittevernfaglege anbefalingane basera på lokale forhold. 

Fylkesmannen har hatt rettleiaren ute på høyring blant fylkesberedskapsrådets medlemmer, ordførarar, kommunedirektørar, og kommuneoverlegar. I tillegg har to større gjestehamner og tilsvarande to større campingplassar i fylket, fått anledning til å komme med innspel.

Du finn vår rettleiar til høgre under "Dokumenter"

Parallelt med Fylkesmannen sitt arbeid med rettleiaren, har NHO Reiseliv presentert ein bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingplassar:

https://www.nhoreiseliv.no/contentassets/52c9831df65148c7a7b1ed442283bba2/nho-reiseliv-bransjenorm-smitteverntiltak-ved-campingplasser-30-april-2020--web.pdf

Bransjenorma er delvis overlappande med vår rettleiar, men vi har likevel bestemt å gi ut rettleiaren da det har vært eit uttrykt ønske og behov frå kommunane i fylket om statlege føringar for korleis drifta av campingplassar og gjestehamner kan organiserast for å sikre smittevernfagleg forsvarleg drift.

Faktagrunnlag

Det er særs viktig for kommunane/aktørane å sjekke desse nettsidene regelmessig for å halde seg oppdatert:

Regjeringens nettside om koronasituasjonen 

Sentrale forskrifter om smitteverntiltak i anledning covid-19-utbruddet av betydning for kommunene er samlet i forskrift 27. mars 2020 nr. 470 om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften). I denne forskriften er også Helsedirektoratets vedtak av 20. mars 20120 innlemmet.

▪ Nærmere veiledning om forskriftsbestemmelsene og anbefalinger fra Helsedirektoratet finnes på Helsedirektoratets nettsider 

▪ En oppdatert kronologisk oversikt over brev fra Helsedirektoratet 

Folkehelseinstituttet gir faglige råd om covid-19-utbruddet 

▪ Nettsiden til den aktuelle kommunen der campingplassen/gjestehavnen er lokalisert.