Vedtak om kvotejakt på gaupe i 2021


Kvota er på inntil 32 dyr, av dette inntil 12 hoer eldre enn eitt år. 

Publisert 13.11.2020

Rovviltnemnda i region 2 har vedteke kvote for jakt på gaupe i 2021. Kvota er på inntil 32 dyr, av dette inntil 12 hoer eldre enn eitt år. Fire dyre, inkludert tre vaksne hoer, blir haldne tilbake for overføring ved eventuell ny kunnskap om bestandsforholda. Kvota er fordelt på fire jaktområde. Eitt område i tidlegare Aust-Agder blir opna for kvotefri jakt. Vedtaket kan klagast til Klima- og miljødepartementet.

Klageadgang

Vedtaket er eit enkeltvedtak og kan påklagast i samsvar med forvaltningslova kapittel VI, seinast innan 3 veker etter at vedtaket er gjort kjent ved publisering i Miljøvedtaksregisteret.

Lenke til Miljøvedtaksregisteret ligg i menyen til høgre.

Rovviltnemder

Dei tidlegare fylka Oslo, Akershus og Østfold utgjer rovviltregion 4, medan Buskerud er ein del av rovviltregion 2 der også Vestfold, Telemark og Aust-Agder inngår. Fylkesmannen i Oslo og Viken er sekretariat for nemndene for begge regionane.