Endring i farevarsel om høg vasstand ifrå MET

Pakkhuset på Skotfoss i Skien under flommen i 2010.  Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Meteorologisk institutt endrar på farevarslinga for høg vasstand, for at vi skal få betre og enklare oversikt over gyldige farevarsel.

Publisert 18.11.2020

Endringar i varslinga

Meteorologisk institutt (MET) har evaluert farevarsel for vasstand langs kysten, og har bestemt seg for å endre på utforminga av varsel. 

Ifrå 16. november 2020 trer følgande endringer i kraft:

  • MET fjerner detaljane i teksten i farevarselet som inneheld spesifisering av vêret sin verknad, altså tal på cm over tidevasstabellen.
  • MET sender ut kun eitt farevarsel pr. dag, trass i om det er to vasstandstoppar med ulik faregrad. Dette varselet vil ha høgaste forventa faregrad.
  • MET forbetrar setningane om anbefalingar og moglege konsekvenser av vasstanden.
  • MET legg inn informasjon om usikkerheit i varselet.

Med desse endringane vil MET sette fokus på faregraden og konsekvensane av den totale vasstanden. Det betyr at MET vil sende ut færre farevarsel på vasstand og at det vil bli enklare å ha oversikt over gyldige varsel.

Naturfarevarsel på e-post og/eller SMS

Vi minner om abonnementsløysinga for varsling på e-post/SMS om farleg vêr, flaum- og skredfare frå MET og NVE.