Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Statsforvaltaren har anmeldt Ragn-Sells


Statsforvaltaren gjennomførte eit tilsyn hos Ragn-Sells på Skjerkøya i september 2020. Ved bruk av undervatnsdrone vart det avdekt store mengder dekklipp på sjøbotnen utanfor anlegget.

Publisert 13.01.2021

Ei slik tildekking av sjøbotnen kan føre til vesentleg belastning på naturmangfaldet lokalt ved at levevilkåra for fisk og andre organismar vert påverka. Dekklipp kan også innehalde miljøgifter og tungmetaller som kan bli spreidd til miljøet. Det kan også være ein kilde til at mikroplast blir spreidd.

På bakgrunn av funn gjort under tilsynet har Statsforvaltaren anmeldt Ragn-Sells for brot på forureiningslova og løyve frå Statsforvaltaren. Saka ligg nå hos politiet som har ansvaret for å etterforske og vurdere eit eventuelt straffetrettsleg ansvar i saka.

 

 

Kontaktpersoner