Skal overvake storauren i Tokkeåi

Storaure frå Tokkeåi.
Storaure frå Tokkeåi. Foto: Arnt Mollan.

Statkraft skal overvake både ungfisk og gytefisk av storaure i Tokkeåi, fram til 2022. Dessutan skal det undersøkast genetisk - om ungar av storaure også blir storaure.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.10.2020

Sjeldan og trua

Bandak i Tokke kommune har ein bestand av storaure, som er ein sjeldan fiskeetande form for aure, som berre finnast i nokre få store innsjøar i Noreg. I Dalen renn Tokkeåi ut, og dette er den viktigaste gyteelva til storauren i Bandak. Tokkeåi er sterkt påverka av vasskraftutbygging, og det er ein av årsakene til at storaurebestanden nå er svært låg. Statkraft har allereie gjennomført ein del habitatforbetrande tiltak, samt noko overvaking av gytefisk og ungfisk. Dette er nå formalisert gjennom eit pålegg frå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.

 

Avbøtande tiltak

Statkraft har engasjert Norsk institutt for naturforsking (NINA) for å gjennomføre følgande avbøtande tiltak. Dei startar opp allereie hausten 2020 og skal halde fram til og med 2022.

  • Kartlegging av gytegroper og gytefisk med drone og drivtelling (dykking), for å seie noko om storleiken på gytebestanden for kvart år.
  • Overvaking av ungfisk på faste elfiskestasjonar, for å seie noko om rekrutteringa for kvart år. Men, sidan det også finnast «vanlege» formar for aure i Tokkeåi, skal det takast genprøver av ungfisken for å sjå om ein kan fastsetta andelen storaureungar.

Utfordringa ligg i å undersøke om avkom fra hhv. små og store foreldrepar er genetisk ulike, storaure og «vanleg» aure har svært like genar – dei er trass alt same art. For å hjelpe på dette skal ein nå ta genprøvar av yngel frå gytegropar laga av storaure og av mindre aure i Tokkeåi. Då veit ein heilt sikkert opphavet, og ein kan undersøke i kor stor grad det finst genetiske skilnader mellom storaure og vanleg aure. Denne metoden er ikkje tidlegare nytta her til lands, og resultata vil kunne gje nyttig informasjon om forvaltninga av storauren i Tokkeåi og Bandak.


Fisketrapp i Helvetesfossen

Eit verkemiddel som vil kunne bidra til å betre situasjonen for storauren i Bandak og Tokkeåi er å bygge ei fiskepassasje i Helvetesfossen, og dermed opne opp meir gyte- og oppvekstareal. Fallet i Helvetesfossen vart høgare ved bygging av Lio kraftverk, og det er sannsynleg at auren då mista tilgangen til områda oppstraums fossen. Statkraft har allereie laga ei forprosjektering til passasje, men framdrifta avheng av utfallet av Tokke-Vinje-revisjonen. Konsesjonen til Tokke-Vinje-reguleringene er under revisjon hjå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og er venta ferdig innan kort tid. I den nye oppdaterte konsesjonen er det venta at storauren får auka fokus.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.