Tilskudd til tiltak i beitefelt

Telemark har fått 450 000 kr til tilskot i beitefelt. Tilskot gis til beitelag og andre former for organisera samarbeid der det vert drive næringsmessig beitedrift. Unntaksvis kan enkeltføretak få tilskot der det ikkje ligg til rette for samarbeid. Søknad sendast kommunen der tiltaket er planlagd innan 20. mars.

Prioriterte tiltak

  • Investeringar knytt til teknologi
  • Sanke- skiljeanlegg
  • Ferister av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar
  • Sperregjerder (det vert ikkje gjeve tilskot til ordinær inngjerding)
  • Bruer dimensjonert for føring av beitedyr

For 2019 er den totale ramma for investeringar i beitefelt på landsbasis auka frå 10 til 15 mill kr. Auken på 5 mill kr skal prioriterast til investeringar knytt til teknologi.

Tilskot kan gjevast med inntil 50% av godkjend kostnadsoverslag (70% for elektronisk overvakingsutstyr). Det vert ikkje gjeve tilskot til mindre kostnadskrevjande tiltak.

Rettleiande satsar for eige arbeid: 

  • Manuelt utført eige arbeid: 300 kr/time (maksimalsats)
  • Bruk av motorsag, ryddesag o. l : 350 kr/time
  • Bruk av traktor : 500 kr/time
  • Bruk av gravemaskin: 650 kr/timeMidlane skal forvaltast i tråd med «Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder» (FOR-2013-02-04-206). Nærare informasjon om ordninga finn de i rundskriv 2013/1-9 frå Statens landbruksforvaltning.  
  • Kommunen sender søknaden vidare til Fylkesmannen innan 26. april.

Se følgende linker for mer informasjon:

Rundskriv.

Forskrift

Søknadsskjema


Kontaktpersoner