Stønad til skognæringa for å oppretthalde hogst i 2020 etter utbrotet av koronavirus

Helmekanisert skogsdrift før koronapandemien i Flåbygd, Nome kommune. Foto: Per Kristoffersen
Helmekanisert skogsdrift før koronapandemien i Flåbygd, Nome kommune. Foto: Per Kristoffersen

Stortinget tildelte skogbruksnæringa i vår ei ekstraordinær tiltakspakke på 50 mill. kroner for å støtte skogbruket i ein situasjon der koronapandemien skapte og endringar i marknaden for tømmer. I første omgang tildelte Landbruksdirektoratet 30 mill. kr til fylka der Vestfold og Telemark ble tildelt om lag 3 mill. kr.

I fylgje midlertidig forskrift om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020 er formålet med ordninga å avhjelpe negative konsekvensar for skogbruket som fylgje av utbrotet av covid-19. Ordninga skal bidra til at skogeigarar i auka grad sysselsett skogsentreprenørar med hogstmaskiner eller taubane til å utføre skogsdrifter i den situasjonen som har råka samfunnet. Det er ein føresetnad at det skal takast ut tømmersortiment det er avsetnad for i marknaden. Samstundes skal viktige miljøverdiar knytt til biologisk mangfald. Landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen takast vare på.

I Vestfold og Telemark hoggast det meste av tømmeret med moderne hogstmaskiner som både feller kvister og lunner tømmeret maskinelt, opp mot 50 – 100 kubikkmeter på ein dag. Tømmeret køyrast vidare ut med lassberarar som tek opp mot kubikkmeter tømmer per lass. Maskinparken som krevjast for moderne skogsdrift er ei stor investering for det einskilde driftslag, stans i drifta kan  som i andre næringar gje store tap. Før koronapandemien var opp mot 30 driftslag i gang i Vestfold og Telemark, der det samla blir hogd meir en ein million kubikkmeter i året til ein samla verdi av nærare ein halv milliard kroner.

I fylgje den midlertidige forskrifta kan det gjevast tilskott til heilmekaniserte skogsdrifter med høge driftskostnader som vindfallhogst, rydningshogst grunngjeve ut i frå  med miljømessige tilhøve knytt til utvalde naturtypar og utvalde kulturlandskap, hogst med lavt uttak av kubikkmasse pr. dekar under her lukka hogstar, hogstar med lang terrengtransport, hogstar i bratt eller vanskeleg terreng, skogsdrifter med vekslande transport, til dømes lektertransport, kanthogst langs skogsvegar o.a.

Det kan også gjevast ekstraordinært tilskott til taubanedrifter og tynning med  høge driftskostnadar.

Delar av skogareala i Vestfold og Telemark har krevjande og vanskeleg terreng og tilskottsordninga kjem difor til nytte for å halde hogstlag i gang i større grad en elles ville vore tilfelle som fylgje av vanskar med omsetning på grunn av koronapandemien. Skogeigarane, skogandelslaga og skogsentreprenørane har vore aktive for å sjå moglegheiter for å halde aktiviteten på eit tilfredsstillande nivå for skognæringa, på tross av permitteringar, utfordingar i marknaden og restriksjonar knytt til utbrotet av koronaviruset som har ramma verda.

I Vestfold og Telemark er det til no handsama 42 søknader om tilskott til skogsdrifter med høge driftskostnader, i tillegg er fleire søknader under handsaming i kommunane. Av søknader om ekstraordinært tilskot til taubanedrifter er det handsama ein søknad og to søknader om tilskot til tynning.

Av tildelt ramme har no Vestfold og Telemark bruka 2,5 mill. av tildelt pott av desse midlane. Desse har vesentleg gått med til skogsdrifter med lang transport og i bratt og vanskeleg terreng med noko låg kubikkmasse på områda,  samla er det hogd og planlagt hogst av nærare 65 000 kubikkmeter tømmer med ein samla driftskostnad på om lag 14 mill. kr.

Meir om ordninga med ekstraordinært tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020 finn du her.

Kontaktpersoner