Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Stor etterspurnad etter tilskot for å oppretthalde hogst i Vestfold og Telemark som følge av koronapandemien

Taubanedrift med Konrad bane og Woodliner sjølvgåande løpekatt på Nordagutu, Midt-Telemark kommune. Foto: Per Kristoffersen
Taubanedrift med Konrad bane og Woodliner sjølvgåande løpekatt på Nordagutu, Midt-Telemark kommune. Foto: Per Kristoffersen

For å sikre oppdrag til hogst-entreprenørar og dermed oppretthalde sysselsetjinga da Covid-19 braut ut, blei det lansera eit eige tilskot til skogsdrifter med høge driftskostnader. Vi har opplevd stor interesse for dette tilskotet i Vestfold og Telemark.

Publisert 13.01.2021

Landbruksdepartementet fastsette 9. juni 2020 ei midlertidig forskrift om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket i 2020. Tilskotet skal ifølge føresegnene avhjelpe negative konsekvensar for skogsentreprenørane i skogbruket som følge av utbrotet av covid-19.

For Vestfold og Telemark blei det utover sumaren og hausten 2020 stor etterspurnad etter tilskot til skogsdrifter som oppfyller føremålet med ordninga. Dette dreier seg i stor grad om drifter med høg driftskostnad som skuldast bratt og vanskeleg terreng, lang terrengtransport, låg kubikkmasse tømmer i hogstfeltet, hogst knytt til skifte av treslag og sjøtransport på lekter og også noko taubane og kanthogst langs skogsvegar og mot innmark.

Nærare 30 hogstlag med hogstmaskin og lassberar og taubanelag har drevet ut dette tømmeret frå 12. mai da ordninga starta å gjelde, til 30. november 2020. Samstundes har uvanleg mykje nedbør utover hausten skapt problem med å kome fram og har ført til utsettingar. Bløtt terreng fører også til ekstra innsats med oppretting av sporskader, mykje av dette vil bli utbetra i 2021 når det blir tørrare føre. Det har vore mykje planlegging og forarbeid frå skogeigarane og skogeigarsamviket si side og oppfølging frå kommunane for å gjennomføre skogsdriftene som kjem inn under ordninga.

Det er innanfor ordninga med tilskot til hogst, drevet ut 112 600 m³ i 2020, tilsvarande nærare 10 % av eit års normal hogst i fylket. Driftskostnaden for dette tømmeret er 24,4 mill. kr til ein gjennomsnittleg driftspris på 216 kr/m³. Med manuell felling til hogstmaskin og oppretting av sporskadar blir samla kostnad på 25,7 mill. kr tilsvarande 228 kr/m³.

Av mengde tømmer hogd innanfor ordninga i 2020 er 110 100 m³ hogstar med høg driftskostnad i vanskeleg terreng, lang transport mv. Vidare er 700 m³ knyt til drift med taubane og 1 600 m³ er tynningshogst. Fylkesmannen i Vestfold og Telemark fekk 5,74 mill. kr samla i tilskot til ordninga i 2020, av dette er 5,4 mill. kr tildelt dei enkelte skogsdriftene.

Område med flest søknader om tilskot er Vest-Telemark i kommunane Seljord, Tokke, Vinje og Kviteseid og Øst-Telemark i kommunane Hjartdal og Notodden, og Midt-Telemark i kommunar med driftsmessige utfordringar knytt til bratt og vanskeleg terreng, lang terrengtransport og taubaneterreng. Men også i lågareliggande terreng i kommunane i Grenland og Vestfold er det blitt gjennomført fleire skogsdrifter med tilskot. Landskapet er også i desse delane av fylket kupert og har kollar og brå fjellformasjonar som skaper driftsmessige utfordringar

Tilskotsordninga gav også moglegheit for gjennomføring av skogsdrift på meir enn 6 600 m³ på ei øy i skjergarden i Færder kommune med hogst av gran med treslagsskifte av omsyn til miljø- og landskap. Tømmeret blei frakta på lekter til kai i Tønsberg.

Ordninga med tilskot til hogst i 2020 har vore til stor nytte i fylket og har bidrege til jamnare hogst og sysselsetjing for skogsentreprenørane.

Kontaktpersoner