Ekstraordinært tilskot til planting i skog

Foto: Melsom vgs.

Landbruks- og matdepartementet har fastsette ein førebels forskrift om tilskot for planting av skogplanter våren 2020. Ordninga skal kompensere for auka kostnadar til utplanting som følgje av koronaviruset og på den måten sikre at alle produserte plantar vert satt ut. 

Publisert 20.04.2020

Når plantinga utførast av skogeigarandelslag eller andre næringsaktørar, er det desse som søkjer om tilskotet. Når skogeigar sjølv gjennomfører eller organiserer plantinga, er det skogeigar som kan søkje om tilskotet.

Skogeigar skal sende søknad til kommunen elektronisk via Altinn eller på fastsett skjema for NMSK-ordninga. Søknadsfristen for skogeigar er 1. september.

Informasjon om ordninga er lagt ut på Landbruksdirektoratet si heimeside, her.

Her kan du finne nyheitsaka frå departementet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.