Auka førekomst av borkbiller - Korleis kan vi førebyggje skadar og redde tømmerverdiar?

Det er aukande førekomst av granborkbiller i vårt fylke. Samtidig er skogen framleis stressa etter tørkesommaren 2018. Kombinasjonen auka billebestand og svekka skog gir grunn til bekymring for granskogen i hogstklasse 4 og 5.

Publisert 02.09.2020

No må skogeigarar ta turen ut og undersøke tilstanden i eigen skog. Hogst kan vere riktig tiltak, både for å motarbeide borkbillene og redde tømmerverdiane. Skogeigarar bør samarbeide med tømmerkjøpar for å vurdere og planleggja avverking.

Bildetekst: Daudande granskog førekjem i stort omfang i deler av Vestfold og Telemark.

Graner som har vorte raudbrune i løpet av sommaren og slepper både bork og nåler er dessverre eit vanleg syn i skogane i Vestfold og Telemark, særleg i eit belte 3-4 mil inn i landet frå kysten. Grandauden skuldast tørkeskadar, ofte i kombinasjon med borkbiller. Tre som er svekka av tørke er attraktive for billene, for dei er lettare for billene å angripe. Forskarar har kome fram til at det tar 5-6 år før eit grantre er heilt restituert etter ein tørkesommar. Granborkbillene vil truleg ha gode vilkår i fleire år framover. Vêrforholda er blant faktorane som avgjer kor alvorleg billeproblemet vert.

Korleis kan ein kjenne att borkbilleangrep?

På tre som allereie har sleppt borken, kan ein sjå etter det særprega gangsystemet til granborkbilla Ips typographus. Morgangen går loddrett langs stammen, medan larvene gneg sine gangar til sidene ut frå morgangen. Tre utan bork har allereie mista sin verdi som ferskt tømmer og er heller ikkje attraktive for billene lenger. Nokre av desse kan med fordel stå att i skogen, for dei er bustad for naturlege fiendar av granborkbilla.

Meir interessant er nyangripne tre som har borken på, men der billene sit under borken. Misfarga bar, kvaeutflod, borehol på stammen og nåledryss på bakken er teikn på at treet er under angrep. Med kniv eller øks som reiskap kan du finne ut om det er borkbiller til stades.

Bildetekst: Der billene framleis er til stades under borken, vil borken ikkje vere heilt laus, og ein vil finne biller som er klekte i år. Her kan ein hogge i haust/til vinteren og både redde noko av tømmerverdien og frakte borkbiller ut av skogen. Ta kontakt med tømmerkjøpar!

Forskarar meiner at om lag 40 % av borkbillene overvintrar under borken. Om ein avverkar slike graner i haust eller til vinteren, er det mogleg å få med ein del av billene ut av skogen. Borkbiller som overvintrar i bakken vil vere klare til å angripe nye tre under sverminga til våren. Det er derfor viktig å vurdere frisk skog rundt dei granene som er angripne av biller. Ved å avverke skogen i haust og vinter, kan ein redde tømmerverdiar. Det kan straffe seg å spare på hogstmoden skog, no når grana er tørkesvekka og borkbillene er mange.

God skoghygiene er viktig

I områder med angrep av granborkbille er det viktig å avgrense tilgangen på ferskt grantømmer. Det bør ikkje ligge at mykje grovt hogstavfall i skogen etter avverking av gran. Ferske vindfall i kanten av hogstflater bør takast ut av skogen før borkbillene svermar om våren. Det er viktig å følgje opp bestandskantane i åra etter hogst. Det kan ein gjere samstundes som ein er på feltet for å plante og seinare for å følgje opp foryngelsen.

Borkbillene er under systematisk overvaking

Borkbilleovervakinga i regi av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) starta i 1979 og har vore gjennomført kvart år sidan. Dei foreløpige resultata frå borkbilleovervakinga i 2020 tyder på at borkbillebestanden i deler av vårt fylke er endå høgare enn i fjor og i nokre kommunar så høg at billene lokalt er i stand til å drepe frisk granskog. Det er utvalde kommunar som gjennomfører arbeidet med å setje opp og tømme billefellane gjennom vekstsesongen. I Vestfold og Telemark er det 28 fangststadar i 10 kommunar. Les meir om borkbilleovervakinga på NIBIO sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.