Rett bruk av resirkuleringsanlegg i veksthus

Julestjerner
Julestjerner (Foto: Liv Knudtzon, NLR Viken)

Norsk Landbruksrådgiving Viken har laga ein rettleiar for bruk av resirkuleringsanlegg i veksthus.

På 1980-1990 talet vart det i mange veksthus, spesielt blomsterveksthus, sett inn resirkuleringsanlegg, for å samla opp overskotsnæring og bruka det ved neste vatning. Dette gjer ved rett bruk av desse anlegga at veksthusa er tilnærma tette. Det viser seg at enkelte veksthus likevel har lekkasje og at det skjer ein avrenning til vassdrag. NLR Viken har laget ein rettleier for rett bruk av resirkuleringsanlegg. Rettleiaren gjer veksthusprodusentane meir oppmerksame på korleis lekkasjar og annan avrenning kan hindrast.

Rettleiaren er laga som ein del av prosjektet "Redusert avrenning frå veksthus", som er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, gartnarlaga i dei to fylka og NLR Viken.

Du kan lesa meir om prosjektet på NLR Viken sine nettsider.