Autorisasjonskurs for plantevernmiddel i koronatider

Koronasituasjonen har medført problem når det gjeld gjennomføring av autorisasjonskurs for plantevernmiddel. 

Mattilsynet har laga eit oppsett for korleis kursane kan organiserast no som vanlege klasseromskurs ikkje er eit høve. Sjå vedlagt omtale av dette.

Video og eksamen

Når det gjeld video av praksisdag som blir omtalt i vedlegget, så er NLR Østafjells i ferd med å lage dette. Mattilsynet har fått informasjon om at videoen kan delast med dei andre NLR avdelingane. Eksamen blir send ut frå Mattilsynet til fylkesmennene i løpet av uka. Organisering av kven som sender ut eksamen til deltakarane og kven som rettar denne blir avklart mellom landbruksforvaltinga i kommunen og fylkesmannen i kvart fylke.

Anna

Det er på noverande tidspunkt ikkje planlagt å tilsvarande opplegg for gnagarmiddelkurset. Mattilsynet har vurdert at det er på plantevernmiddelområdet at situasjonen er mest prekær akkurat no. Håper dette kan hjelpe til å løyse utfordringane når det ikkje kan arrangerast vanlege plantevernmiddelkurs.