Rettleier urbant landbruk

Losæter, Bjørvika i Oslo. Foto: Tonje Bergh
Losæter, Bjørvika i Oslo. Foto: Tonje Bergh

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har fått laga ein rettleier i urbant landbruk.

I rettleiaren ser vi på korleis ta i bruk tilgjengelege grøntområde, offentlege rom, korleis vi kan stimulera til tverrfagleg samarbeid og tydinga av å tenka langsiktig slik at fleire urbane dyrkningsprosjekt lykkast og samtidig overleva lenger enn berre éin vekstsesong.

Vi ønsket å utarbeida ein rettleier som kan gi idéer og innspel på gode og betre heilskapsløysingar, oppmoda og stimulera til tverrfagleg samarbeid, og dessutan tenka langsiktige løysingar.

Eit tett samarbeid med alle utøvande partar frå kommunale planleggarar, teknisk etat, grønt forvaltninga/ bymiljøetatane til planteprodusentar, utøvarane og kompetansegruppene i landbruket for urbant landbruk, vil vera avgjerande for å lykkast med urbane landbruksprosjekt.

Utgivar av rettleiaren er Fylkesmannen i Vestfold og Telemark og forfattar er Tonje Bergh, Plantmania AS.