Stor aktivitet på kryss og tvers i dei Utvalde kulturlandskapsområda

Nye og restaurerte gjerde gjer seg godt synlege i landskapet. Frå restaurering av skigard på Nørsteteig i Svartdal. Foto: Torunn Raftevold Rue
Nye og restaurerte gjerde gjer seg godt synlege i landskapet. Frå restaurering av skigard på Nørsteteig i Svartdal. Foto: Torunn Raftevold Rue

I 2019 har det vore stor aktivitet i dei Utvalde kulturlandskapsområda i Vestfold og Telemark. Mellom anna god skjøtsel, formidling og gryande næringssamarbeid på tvers av områda.

4 km med gjerde er ikkje berre mange meter gjerde

…dei er og ei ramme og ei framsyning av dei aktive kulturlandskapa i Hjartdal og Svartdal. I 2019 vart omlag 4000 meter bordgjerde og steingardar sett opp og fornya med støtte frå satstinga på dei Utvalde kulturlandskapa. Dette gjer seg godt synleg i terrenget, med landskapstilpassa materiale og løysningar omkring dei aktive beiteområde. Dette har vore ei satsing i området sidan oppstart av UKL. Det er god tilgang på beitedyr og dei aktive beita er del av den viktige skjøtselen for å ta vare på dei rike natur- og landskapskvalitetane. Å hegne om det aktive landbruket er derfor ein av fleire måtar å satse på kulturlandskapet og stimulere til vidare aktivitet på. Det Utvalde kulturlandskapsområdet vart teken med blant dei 46 områda i Noreg i 2017, men lenge før har området vist særskilte kvalitetar og hausta mykje merksemd for godt og målretta arbeid i generasjonar. Kommunane Hjartdal og Seljord har høgaste dyretal i det nye fylket, og Hjartdal og Svartdalområdet har mange beitedyr, både sau, geit og storfe beitar i området.   

Midla i 2019 gjekk og til andre tiltak, og for 2020 vil styringsgruppa fortsette å leggje vekt på andre satsingsområde saman med fokus på gjerding. Mellom anna formidling og aktivitet for vaksne og born gjennom fleire populære arrangement, tiltak for å sjå på insektlivet og tiltak for bygningar og kulturminna i området. Meir trykk på dei sistnemnde vil ein sjå når det er gjort ei fagleg utgreiing på desse felta.

Erik Ballestad i Stråholmen Småfedrift og Bjørg Minnesjord Solheim frå Telespinn i samarbeid om lokal ull. Foto: Torstein Kiil

Ingenting er så vakkert som når UKL områda treff kvarandre – noko på gong mellom Stråholmen og Svartdal?

Det kan vi absolutt seie. Stråholmen Småfesamdrift har starta eit samarbeid med Telespinn AS i Svartdal, Seljord. Telespinn er det lokale spinneriet i UKL området Hjartdal og Svartdal med spinning av ull frå mohairegeit. Her ønsker dei å vidareutvikle produksjonsliner for framstilling av vill- og spelsaugarn med leveransar av ull frå lokale produsentar i fylket. Her kjem ulla frå Stråholmen og Jomfruland inn, og Stråholmen Småfesamdrift ser for seg moglegheiter for produktutvikling av lokal ull frå øya og naboøyene. I dette vil ein få eit godt eksempel på næringsutvikling på tvers av områda og basert på dei viktige ressursane i kulturlandskapet. Vinn-vinn!

 

Kontaktpersoner