Forslag til endringar i forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestfold og Telemark

Høringsfrist:
7. august 2020

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark sender på høyring eit forslag til endringar av forskrift av 14. mai 2019 nr. 621om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestfold og Telemark.

Publisert 19.06.2020

Nasjonal instruks utarbeida av Landbruksdirektoratet set rammar for den regionale forskrifta.

Forslaget går ut på å endre omtala av dei to fylka til eit fylke. I tillegg foreslår vi ei avgrensing for to av kulturlandskapstiltaka slik at søkjar ikkje kan få tilskot for begge tiltaka, ei maksimal lengde for soner for pollinerande innsekt, ei avgrensing av soner for pollinerande insekt til kantsoner og ikkje slike soner på grasareal. Vi foreslår å presisere nærare avgrensingar for tilskot til gras på areal særleg utsett for erosjon. Forslaga til endringar er merkt gult i utkastet til endra forskrift.

Forslaga til endringar er diskutert i arbeidsgruppa for regionalt miljøprogram (RMP) der dei 4 faglaga, begge NLR-einingane,  kommunane og fylkeskommunen er representert.

Vi ber om at eventuelle svar på høyringa blir sendt til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Landbruksavdelinga , Postboks 2076, 3103 Tønsberg, eller fmvtpost@fylkesmannen.no.

Høyringsfristen er 7. august 2020.

Eventuelle spørsmål kan rettes til fagsjef Jon Randby, tlf. 33 37 23 65/908 00 192,

E-post jon.randby@fylkesmannen.no