Høyring - Forvaltningsplan for Utvalt kulturlandskap Hjartdal og Svartdal


Høringsfrist 30. januar 2019 00:00

Fylkesmannen sender med dette forslaget til forvaltningsplan for Utvalt kulturlandskap i Hjartdal og Svartdal på høyring. Forvaltningsplanen skal vere ein rettleiar for grunneigar/brukar og forvaltninga om å ta vare på kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal. 

Utvalde kulturlandskap i jordbruket
Formålet med Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er å sikre eit utval av godt bevarte kulturlandskap. Områda skal ha store kulturhistoriske, biologiske og økologiske verdiar, representere variasjonen av kulturlandskap knytt til jordbruket og utgjere heilskapleg landskap med struktur og innhald forma av langvarig drift.

Bygdene Svartdal og Hjartdal Nordbygd vart i mai 2017 valt ut som eitt av ti nye område etter formell utveljing av Klima- og miljødepartementet (KLD) og Landbruks- og matdepartementet (LMD). Til saman er det nå 41 Utvalde kulturlandskap i Noreg som representerer særskilte og nasjonale verdiar.

Høyringa
Utkast til forvaltningsplan er lagt ut på nettsidene til Fylkesmannen i Telemark, og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark (frå 01.01.19). I tilelgg er den lagt på Hjartdal og Seljord kommunar sine heimesider. Annonse er sett i Telen og Vest-Telemark Blad.

Frist for å gje uttale til forvaltningsplanen er sett til 30.01.19.
Send uttale til fmvtpost@fylkesmannen.no eller til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg (merk ny adresse).

Alle grunneigarar og interesserte er velkomne til informasjonskveld om forvaltningsplanen onsdag 16.01.19 kl. 19.00 på Bergtun i Hjartdal.

I tillegg til instansane på adresselista er det høve for andre til å uttale seg til høyringsutkastet.