Viktig at kommunane ivaretek behova til utviklingshemma

Kommunane har ikkje høve til å forby besøk og liknande i heimane til personar med utviklingshemming.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2020

Helsedirektoratet minner om at begrensning i besøk i private heimar, til dømes leiligheiter som personar med utviklingshemming leier i eit bufellesskap, må skje frivillig og i dialog med tenestemottakaren og eventuelle pårørande.

Helsedirektoratet har laga anbefalingar om dette, sjå rettleiar under avsnittet om smittevern i tenester til personar med utviklingshemming på deira nettstad.

Kommunane må og gjere individuelle vurderingar av den einskilde pasient eller brukar sitt tenestebehov, blant anna for omsorg, avlastningstiltak og assistanse i den perioden andre tilbod er stengt.

Helsedirektoratet har gjeve anbefalingar om dette i rettleiaren under avsnittet om at kommunen må ha ein plan for heimeboande i ulike faser av covid-19 epidemien.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.