Tilskot til aktivitetstilbod for bebuarar i sjukeheimar

Helsedirektoratet har laga ein tilskotsordning for å stimulere til tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt for dei som bur i sjukeheimar og i omsorgsboliger. Det er ingen særskilt søknadsfrist. 

Regjeringa har satt inn omfattande tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Blant anna skal det settes grense for besøk til personer i institusjonar med sårbare grupper. Ein av dei sårbare gruppene er eldre personar som bur på sjukeheimar og i omsorgsboliger med heildøgns bemanning.

For at desse personane skal ha aktive og meiningsfulle kvardagar og mogligheit til sosial kontakt med sine nærmaste, er det nå laga ein tilskotsordning. Tilskottet skal gå til implementering av tiltak som bidreg til gode opplevingar for den einskilde.

Kven kan søkje?

Kommunar og fylkeskommunar i samarbeid med frivilligheten og næringsliv. 

Kriteriar for tildeling

Desse finn du i regelverket for tilskotsordninga. Tilskotet vert gjeve for eitt år av gongen. 

Handsaming av søknaden

Søknader handsamast etter "fyrst til mølla"-prinsippet. Dersom søknaden fyller kriteriane, vil tilskot bli innvilga løpande inntil heile summen i tilskotsordninga er brukt opp. 

Merk at innvilga tilskot ikkje kan vere større enn 5 000 kroner per bebuar og 90 000 kroner per kommune. 

Les meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sin nettstad.