Rettleiing for frivillige og tvungne smitteverntiltak

Rettleiinga tek for seg frivillig gjennomføring og førebygging for å unngå bruk av tvang kring smitteverntiltak. I tillegg blir det gitt utdjupande rettleiing for situasjonar der frivillige tiltak ikkje fører fram.

Rettleiinga gjeld for helse- og omsorgstenesta i kommunar og helseføretak. 

I tilknyting til utbrotet av covid-19, har Helsedirektoratet fått spørsmål om situasjonar der pasientar eller brukarar har motsett seg eller ikkje har følgt smitteverntiltak fordi dei ikkje forstod tiltaka eller bakgrunnen for dei, eller dei motsette seg tiltaka av andre grunnar. 

Gjennomføring av smitteverntiltak med og utan bruk av tvang

Det har tidlegare vore gitt ut ei kortfatta oversikt over relevante rettsreglar og verkeområde. Den nye rettleiinga går inn på sjølve gjennomføringa av smitteverntiltak, og særleg frivillig gjennomføring og førebygging for å unngå bruk av tvang. I tillegg blir det gitt utdjupande rettleiing om vilkår, prosess, og gjennomføring når frivillige tiltak ikkje når fram. Formålet er å styrke pasientar og brukarar sin rettstryggleik, og lette arbeidet ved mistanke om, eller påvist smitte med covid-19.

Rettleiinga er særleg viktig i tenester til personar som treng bistand for å gjennomføre relevante smitteverntiltak, eller som motset seg slike tiltak fordi dei ikkje skjønner. Det kan vere personar med nedsett kognitiv funksjon, til dømes personar med demens eller utviklingshemming.

Du kan lese rettleiinga frå Helsedirektoratet her.