Kommunane kan søkje om tilskot til sekretariatsfunksjon i helsefellesskapa

I revidert nasjonalbudsjett er det løyvd 4,8 millionar kroner for å etablera sekretariatsfunksjonar for kommunane i helsefellesskapa. Tilskotet skal dekka lønnskostnader for personen som blir tilsett i sekretariatsfunksjonen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.07.2020

Målet med tilskotet er å styrka samarbeidet mellom kommunar og sjukehus og samordning i helsefellesskapet gjennom å bidra til at kommunane i helsefellesskapet kan ha ein felles sekretariatsfunksjon.

Sekretariatsfunksjonen skal bidra til at helsefellesskapa lykkast med å utvikla og planlegga berekraftige og samanhengande helse- og omsorgstenester, særleg for dei prioriterte pasientgruppene (barn og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og ruslidingar, skrøpelige eldre og personar med fleire kroniske lidingar).

Målgruppa for ordninga er kommunar som tilhøyrer eit helsefellesskap.

Søknad om tilskot skal sendast til Helsedirektoratet (postmottak@helsedir.no), send gjerne kopi av søknaden til Cathrine Hefte fmveche@fylkesmannen.no  og til Astrid Nylenna astrid.nylenna@helsedir.no. Det er ingen søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Helsedirektoratet har oppretta ei temaside for helsefellesskap på nettsidene sine: https://www.helsedirektoratet.no/tema/helsefellesskap Her ligg òg informasjonen om tilskotet. Siden vil bli bygd ut med fleire ressursar etter kvart.

Kontaktperson i Helsedirektoratet er Astrid Nylenna (programleiar for oppfølginga av Nasjonal helse- og sjukehusplan), telefonnr 91 71 21 97.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Om helsefellesskap

Eit hovudgrep i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023 er å oppretta 19 helsefellesskap. Desse skal bestå av helseføretak og kommunane i opptaksområdet. Representantar frå helseføretak, tilhøyrande kommunar, fastlegar og brukarar vil møtast for å planlegga og utvikla tenestene saman.