God kapasitet til auka prøvetaking

Alle kommunane i vår region seier at dei no har kapasitet til å teste 1,5 % av befolkninga kvar veke for Covid-19.

Kommunane seier òg at dei vil ha kapasitet til å teste 5 % av innbyggjarane kvar veke, om behovet er der.  

Fylkesmannen har etter førespurnad frå Helsedirektoratet bede kommunane om å rapportere til oss om og når dei vil kunne klare å etablere prøvetakingskapasitet for høvesvis 1,5 % og 5 % av eigne innbyggjarar kvar veke. Vi har òg gjeve kommunane moglegheit til å skildre utfordringar knytt til etablering av prøvetakingskapasitet for dei to prosentmåla.

Utfordringane kommunane beskriv vil vere meir uttalte om dei må teste 5 % av innbyggjarane kvar veke, enn om dei må teste færre. Nok kompetent personell for oppgåva, logistikken rundt prøvetakinga og oppfølgjing av svara, smitteoppsporinga, og konsekvensane for dei andre tenestene i kommunane vil kunne vera særleg utfordrande.

Fylkesmannen vil følgje opp kommunane sin kapasitet til prøvetaking i tida som kjem da det er særs viktig at kommunane kan gjennomføre tilstrekkeleg prøvetaking om behovet skulle oppstå. Vi vil òg ha dialog med kommunane og med sjukehusa i regionen for å sikre at dei saman etablerer ein god logistikk rundt prøvetakinga.