Eit samfunn for fysisk aktive kvardagar

Jomfruland, foto: Roger Jensen, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Jomfruland, foto: Roger Jensen, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Fysisk aktivitet for alle skal få ein meir sentral plass i framtidig areal- og samfunnsplanlegging. Dette er hovudbodskap i Regjeringas nye «Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020-2029».

Handlingsplanen, som vart presentert i juni av helse- og omsorgsminister Bent Høie, gir tydelege signal om at samfunnet må ta grep. Bakgrunnen er at nordmenn i gjennomsnitt er for mykje i ro. Utviklinga er urovekkande, på same måte som i mange andre land.

Fysisk aktivitet er nødvendig for å ha god helse og livskvalitet. Samfunnet må vere aktivitetsvennleg.

Regjeringa vil

Fysisk aktivitet er alltid «personleg». Men statlege verksemder har eit spesielt ansvar for å legge til rette.  Handlingsplanen oppmodar òg kommunar, fylkeskommunar og frivillige organisasjonar m.m. til å bidra.

Eit viktig tiltak for å skape meir helsefremjande aktivitetsvanar i befolkninga, er å gi fysisk aktivitet ein høg verdi i offentleg planlegging. Nærmiljø og arenaer i dagleglivet bør formast slik at det er lett for alle å vera aktive.

Spesielt bør fleire kunne gå og sykle meir. Stikkord er gode leikeområde, nærnatur, parkar, grøntområde og stiar, og dessutan trygge gang- og sykkelvegar til barnehage, skule, jobb og fritid.

Regjeringa vil motivere dei som gjer samfunn og nærmiljø meir aktivitetsvennleg.

Blant dei beste landa i verda

Målet er at Noreg skal vere blant dei tre landa i verda med høgast levealder. For å oppnå det bør fleire vere i aktivitet som oppfyller helsemessige tilrådingar. Små framsteg for mange kan gi stor effekt, både for individet og samfunnet.

God fysisk form gjer at fleire har god livskvalitet og helse. Dei sosiale skilnadene i helse blir redusert, ikkje minst dersom det er låge tersklar for å vere fysisk aktiv. Kvardagen må leggast til rette for alle, uansett alder og funksjonsevne.

Samfunnsperspektiva er då at fleire klarer skulegangen, står lenger i arbeid, blir sjølvhjulpne lengst mogleg og har mindre behov for helse- og omsorgstenester.

Dessutan blir belastninga på miljø og klima gunstig med mindre bilkøyring.

Aldersvennleg samfunn

Mange større satsingar blir nemnt i Handlingsplanen. Blant desse er eldrereforma «Leve Heile Livet», som oppmodar sektorar òg utanom helse- og omsorgstenesta til å lage gode, aktivitetsvennlege nærmiljø.

Regjeringa er i prinsipp spesielt opptatt av universelle tiltak, retta mot heile befolkninga på arenaer som femnar alle.

Tilskotsordningar

Handlingsplanen er langsiktig, og det er førebels ingen eigne tilskotsordningar knytt til planen. Men både staten og andre etatar/organisasjonar har gode støttetiltak.

Eit aktuelt tilskot no er til Aktivitetstiltak for å motverka einsemd hos eldre. Koronapandemien har auka isolasjonen, spesielt for einslege som ikkje er i arbeid eller har nært sosialt nettverk.

Tilbod om fysisk aktivitet, gjerne utandørs og i heimemiljøet, kan vere aktuelle til slikt tilskot. Søknadsfrist er 1.september. Sjå informasjon om dette i margen.

Gode døme

Handlingsplanen for fysisk aktivitet 2020-2029 har eit mangfald av referansar. Sjå oppslag i planen.

På lokalplan tenkjer vi ofte at det er folkehelsekoordinatorar, idrettskonsulentar, aktivitørar, kroppsøvingslærarar, trenarar og instruktørar i frivillige lag m.fl. som har ansvaret for å skape god aktivitet.

Men som Handlingsplanen understrekar; - dei nye, viktige grepa må samtidig gjerast i planlegging av attraktive nærmiljø.

Vi ønskjer god tur! Til dømes på ny tur- og sykkelveg på den gamle Treungenbanen. Her kan du både spasere, trille, jogge og sykle. Sjå video https://www.youtube.com/watch?v=8udZA7IMa6o