Fylkeskommunen tek over forvaltninga av tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod

Forvaltninga av tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod skal overførast frå Fylkesmannen til fylkeskommunen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.12.2019

Fram til no er det Fylkesmannen som har forvalta tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod, men frå 2020 går denne oppgåva til Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Fylkeskommunen si rolle frå 2020

Fylkeskommunen skal lyse ut tilskotet, vurdere søknader frå kommunane og dele ut midlar etter gjeldande regelverk. Tilskotet er ein eingongsutbetaling til kommunane. Kommunane skal rapportere på tilskotet for 2020 til fylkeskommunen. Helsedirektoratet deler ut midlane etter same fordelingsnøkkel som før.

Kontaktperson i Vestfold og Telemark fylkeskommune er rådgiver Heidi Hamadi.

Fylkesmannen si rolle frå 2020

Det er berre forvaltningsoppgåva som blir overført. Fylkesmannen skal støtte i oppgåveoverføringa det første året. Frisklivs-, lærings- og meistringstilbod er helsetenester, og Fylkesmannen vil framleis ha det same ansvaret for denne helsetenesta som for andre helsetenester.

Kontaktopplysninger til Heidi Hamadi i Vestfold og Telemark fylkeskommune er telefon 92099139, e-post Heidi.hamadi@vtfk.no

Søknadsfrist for kommunene i 2020 er fredag 13. mars.

Søknader bes sendt elektronisk til post@vtfk.no Søknad må merkes med "19/18180".

Rapportering for 2019

Rapportering på bruk av tildelte midlar for 2019 skal leverast til Fylkesmannenfmvtpost@fylkesmannen.no innan 1. mars 2020.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.