Regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak i drift som oppfyller visse vilkår.

Fosnes i Stryn kommune. Foto Kjetil Mork

Fosnes i Stryn kommune. Foto Kjetil Mork

Alle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Det er ein føresetnad at føretaket oppfyller krava til gjødselplan og sprøytejournal for å kunne søkje om tilskot.

Søknadsfristen for 2018 er 15. oktober.
Det elektroniske søknadskjema vert opna 1. august.

 

Søknadsmateriale for 2018:
Rettleiingshefte 
Søknadsskjema (elektronisk søknad via Altin)
Søknadsskjema (papirsøknad)
Video: Korleis søke elektronisk
Steg for steg guide til elektronisk søknad


Organisert beitebruk 2018:
Informasjon og søknadsskjema