Fylkesmannen vurderer lovlegkontroll av Forsand-vedtaket

Kommunehuset i Forsand
Kommunehuset i Forsand (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Fylkesmannen vurderer å ta kommunen sitt avvisingsvedtak i går opp til lovlegkontroll av eige tiltak. Bakgrunnen er at kommunestyret truleg hadde plikt til å ta den aktuelle saka opp til behandling.

Usikkerheit rundt framtidig ferjedrift over Høgsfjorden gjorde at åtte kommunestyremedlemmer i Forsand i sist veke ba ordføraren kalla inn til eit ekstraordinært møte i kommunestyret, i forkant av Stortinget si behandling av kommunereforma i morgon. Eit fleirtal i Forsand har tidlegare gått inn for samanslåing med Sandnes.

Møtet i kommunestyret fann stad i går, men saka blei avvist og dermed ikkje realitetsbehandla - grunna i at saka ikkje stod på sakslista.

Lovlegkontroll 

Fylkesmannen kan etter kommunelova § 59 nr. 5 ta eit kommunalt vedtak opp til lovlegkontroll av eige tiltak. Det vurderer me å gjera og har i dag orientert Forsand-ordførar Bjarte Sveinsvoll Dagestad om dette.

Fleire spørsmål

Fylkesmannen har ikkje mottatt protokoll frå møtet ennå. I brevet som me i dag har sendt kommunen vil me ha svar på to spørsmål før me tar ei endeleg avgjerd om lovlegkontroll:

  1. Er det rett at saka ikkje var ført opp på sakslista? Vi viser til at kravet om eit ekstra kommunestyremøte av 1.6.2017 inneheldt opplysningar om den saka som ein ønskte å ta opp og at alle kommunestyrerepresentantane fekk kopi av dette brevet. Innkallinga inneheldt òg følgjande opplysning: "Kommunereform – krav om ekstra møte".
  2. Det synest uansett å vere klart at ordføraren hadde plikt til å føre saka opp på sakslista, og han burde difor om nødvendig tatt skritt for å avklare nærare ordlyd i sakstittelen. Det synest å ha vore liten tvil om kva sak som skulle takast opp på møtet ut frå det framsette kravet. Var ordføraren kjent med dei krava som lova stiller til innkalling til eit slikt møte, jf. gjennomgangen av lov med forarbeid ovanfor? (sjå vedlagt brev).

Brevet finn du som vedlegg til nettsaka.

Kontaktpersonar