Dei nye læreplanane på høyring

Forslag til dei nye læreplanane er presentert av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner. Læreplanane er på høyring i perioden 18. mars til 18. juni.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.03.2019

Fagfornyinga er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Målet er å ruste elevane best mogleg for framtida, står det i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet. Totalt vert det i dag sendt over 40 læreplanar på høyring. Læreplanane blir fastsett av Kunnskapsdepartementet hausten 2019, og vil bli tatt i bruk i skulen frå hausten 2020. Sametinget skal fastsette dei samiske språkplanane.

Tilgang til høyringa finn de på heimesida til Utdanningsdirektoratet.

Utdanningsdirektoratet har også lagt ut ein demo av den nye digitale visninga for læreplanane.

Sjå lenker i høgre marg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.