Helsedirektoratet oppmodar kommunane om å bestille jodtablettar

Dersom det vert utslepp av radioaktivt jod kan jodtablettar vere eit beskyttande tiltak for barn, unge, gravide og ammande kvinner. Jodtablettar kan bestillast hjå Helsedirektoratet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2017

Alle kommunar har planleggingsplikt for atomulykker og andre strålingsulykker. Ved atomuhell er det viktigaste tiltaket at folk held seg innandørs. Jodtablettar kan vere eit godt beskyttande tiltak for barn og unge under 18 år, gravide og ammande kvinner.

Jodtablettar skal helst takast rett før eller innan fire timar etter at ein har vore utsett for radioaktivt jod i luft, mat eller drikke. Då må tablettane vere tilgjengelege i kommunane, ikkje på lager i Oslo. Talet tablettar som bestilles av kvar kommune må vurderast ut frå anbefalt dosering og målgruppas storleik i den aktuelle kommunen.

Tablettane bestillast ved å sende e-post til postmottak@helsedir.no.

Les meir om jodtablettar som beskyttande tiltak på Helsedirektoratets nettside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.