Nettbasert AR5-feltkurs for landbruksforvaltinga i kommunane

Dato:
4. juni 2020 09:00 - 12:00
Sted:
Videomøte på Teams
Arrangør:
NIBIO / Fylkesmannen i Oslo og Viken
Målgruppe:
Landbruksforvaltinga i kommunane i Oslo og Viken

NIBIO inviterer kommunane i Oslo og Viken til eit nettbasert AR5-feltkurs 4. juni. Dette erstattar tidlegare planlagt kurs ute i felt.

NB! Kurset er no fullteikna. Påmeldinga er ikkje lenger open.

 

Kurset vert arrangert som Teams-møte. Det starter med gjennomgang av teori. Som alternativ til feltbefaringa kan deltakarane sende inn bilde frå areal som dei ønsker å få drøfta. Eit knippe bilde blir plukka ut for å diskutere klassifisering, samt demonstrere manuskart og redigering i kartprogram.

Innsending av bilde

Frist: seinast i løpet av onsdag 27. mai

Merk av på kart og med gnr/bnr kvar bilda er tatt

Send til kjetil.fadnes@nibio.no

Program

Teoridelen av feltkurset:

  • AR5 bakgrunn og historie
  • Definisjonar av arealtypar, spesielt knytt til klassifisering av jordbruksareal

15 min pause ca kl 10

  • Ein kikk på kulturgras og beitetålande urter
  • Figurering i kartet, reglar for minsteareal
  • Metadata

15 min pause ca kl 11

Gjennomgang av innsende bilde

  • Drøfting og klassifisering
  • Lage manuskart
  • Redigering i kartprogram

Kurset er egna for

Fagansvarleg innan landbruk og andre som skal jobbe med ajourføring av AR5.

Forkunnskapar

Deltakaren må ha kjennskap til AR5 klassifikasjonssystem. Det kan ein få ved til dømes å lese vedlegga på sida "AR5 foredrag".

Kursmateriale

Det meste av stoffet som vert gjennomgått på kurset er å finne i vedlegga på sida "Klassifikasjonssystem AR5".

Påmelding og deltaking

NB! Kurset er no fullteikna. Påmeldinga er ikkje lenger open.

Lenke for oppkobling til møtet vil bli etteresendt til påmeldte.

Vi oppfordrer deltakarane til å vere tidleg ute, og koble seg på seinast 5 min før start.

Av hensyn til lyd og linjekapasitet ber vi om at deltakarar demper mikrofonen og skrur av utgåande video.

Kurset er gratis. 

Ekstra webinar av teoridelen i kurset

For dei som ikkje har høve til å vere med på AR5-kurset, minner vi om at teoridelen av kurset og vert sett opp som opent webinar 26. mai kl 10 - 12. Webinaret vil også verte lagt ut slik at ein kan sjå det når det passar.

Informasjon og lenke for oppkobling finn de på nettsidene til NIBIO.

 

Dato:
4. juni 2020 09:00 - 12:00
Sted:
Videomøte på Teams
Arrangør:
NIBIO / Fylkesmannen i Oslo og Viken
Målgruppe:
Landbruksforvaltinga i kommunane i Oslo og Viken

Kontaktpersoner