Nasjonal lederutdanning for primærhelsetjenesta

Utdanninga som BI tilbyr er eit resultat av eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet og rettar seg primært til einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar.

Søknadsfrist 15. april 2019: Masterprogram i helseledelse

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.04.2019

Utdanninga rettar seg primært til einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar leiarar i psykisk helsear­beid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, hab­iliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg legeteneste, fylkestan­nlegar, overtannlegar og klinikkleiarar. Andre med relevant leiaransvar kan også søkje om opptak. Det er ønskeleg at leiarar frå  same kommune og ulike delar av primærhelsetenesta søkjer saman. Det styrkjer søknaden om rådmann eller kommuneleiing legg ved tilråding.

 

Frå hausten 2019 blir det gitt tilbod om opptak til fire nye klassar med til saman 216 nye studentar. Ein klasse vil vere lokalisert i Bergen, medan dei tre andre klassane er i Oslo. BI er ansvarleg for gjennomføringa. Det er eit samlingsbasert Executive Masterprogram som gir 30 studiepoeng på masternivå. Programmet har 6 samlingar på 3-4 dagar i løpet av eit studieåret. Studentane blir årleg evaluerte på basis av ei praksisorientert prosjektoppgåve om innovasjon og endring i eiga verksemd, og ein heimeeksamen om eiga leiarutvikling. Her finn de meir om studieplassar denne hausten med en motivasjonsvideo på Facebook som gir vidare link til BI: https://business.facebook.com/157152384315972/posts/362656001251180  

 

Tema på samlingane er:

  • Samling 1: Ledelse og samhandling i kunnskapsorganisasjoner
  • Samling 2: Strategisk forvaltning og utvikling av kompetanse
  • Samling 3: Organisasjonskultur og gruppedynamikk i helse- og omsorgstjenesten
  • Samling 4: Ledelse av innovasjon og endring
  • Samling 5: Ledelse og økonomi: styring i offentlig forvaltning
  • Samling 6: Jus, internkontroll og etikk

 

Studieavgifta blir dekt av Helsedirektoratet. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Det er mogeleg å søkje om reise- og opphaldstilskot frå KS. 

 

Rambøll har i oppdrag frå Helsedirektoratet til å evaluere leiarutdanninga. Her er siste evalueringsrapport av programmet: https://no.ramboll.com/-/media/7c5b17e59638477c8b088cb88b3f22f7.pdf

 

Programmet er godkjent som vidare- og etterutdanning i enkelte fagforbund.

 

Kontaktperson i Helsedirektoratet er:  Sigrun Heskestad,  Mobil 906 30 899

Prosjektleiar Kompetanseløft 2020, Avdeling kommunale helse- og omsorgstenester/N6014