Helseerklæring

For å reise offshore må du ha ei gyldig helseerklæring (helseattest).

På denne sida finner du informasjon om helseerklæringar og petroleumslegane sitt arbeid. Det er ikkje fastsett pris på helseerklæringa. Prisen kan difor variere. 

Privatpersonar kan sende dokumenter til oss ved å bruke den raude knappen "send sikker melding". Hugs å velgje at meldinga skal til Statsforvaltaren i Rogaland.

Petroleumslegen kan sende dispensasjonssøknader m.v på ein trygg måte ved å bruke den svarte knappen "send sikker melding (bedrift)". Hugs å velgje at meldinga skal til Statsforvaltaren i Rogaland.

Vi vil som hovudregel svare innbyggjarane i Noreg via digital postkasse og legar og verksemder via Altinn.

 

Publisert 24.08.2021, Sist endra 24.08.2021

Skjema til bruk ved helsesertifisering av offshorearbeidarar.

Helsedirektoratet har i 2012 fastsett skjema for eigenerklæring, legeundersøking, erklæring om ikkje oppfylte helsekrav og helseerklæring for personar i arbeid i petroleumsverksemda på innretningar til havs. Helseerklæringa er revidert i april 2017. Lenkje til side for nedlasting av skjema finner du til høgre.


Sjøfolk som reiser offshore

Sjøfolk må ha helseerklæring for personar i petroleumsverksemda når dei skal reise offshore, sjølv om dei allereie har helseerklæring for arbeidstakarar på skip.


Informasjon om klagenemnda

Klagenemnda si oppgåve er å overprøve Statsforvaltaren i Rogaland sine vedtak. Klagenemnda behandlar i tillegg klager frå dykkarar omfatta av forskrift om utføring av arbeid. Det er Helsedirektoratet som oppnemner medlemmane i klagenemnda. Klagenemnda vurderer sakene på eigne møte. Det er slike møte 3-4 gonger i året.


Forskrift om helsekrav

Helsedirektoratet har laga ei ny forskrift om helsekrav for personar i arbeid på innretningar i petroleumsverksemda til havs. Forskrifta tok til å gjelde frå 1. januar 2011.


Når operatøren krevjar ny helseerklæring

Kva skjer dersom offshorehelsetenesta meiner ein person med gyldig helseerklæring ikkje har god nok helse til å arbeide offshore?


Helsekrav for offshoredykkarar

Fylkesmannen i Rogaland forvalter helsekrava for offshoredykking. Vi informerer her om ordninga.


Søknad om dispensasjon frå helsekrava

Det er petroleumslegen som skal sende søknad om dispensasjon. 


Oppgåvedeling ved vurdering av helsekrav

Her finn du ei utgreiing om kva oppgåver operatør, petroleumslege og Statsforvaltaren i Rogaland har knytt til helseerklæring for personar i petroleumsverksemda, mellom anna kjent som "helseattest", "offshoreattest" eller "helsesertifikat".


Klagerett på Fylkesmannen sine vedtak

Dersom du har fått avslag på søknad om dispensasjon frå helsekrava eller fått ein dispensasjon som har vilkår eller avgrensing som du vil klage på, kan du sende klage til Fylkesmannen i Rogaland.