Tilsyn med Sogndal kommune og grunnskuleopplæring for vaksne

Tilsynet går ut på å kontrollere om Sogndal kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrifter. For å kontrollere dette undersøkjer vi praksis ved Sogndal opplæringssenter.

Tema for tilsynet

Temaet for tilsynet er grunnskuleopplæring for vaksne. Under dette temaet kontrollerer vi:

  1. Gje rettleiing og vurdere retten til vaksne som ønskjer/søkjer om grunnskuleopplæring.
  2. Kartleggje opplæringsbehovet til den enkelte vaksne.
  3. Gjere vedtak med eit korrekt innhald tilpassa den enkelte vaksne og å sette i gang opplæringa.
Dato:
19. august 2020 - 15. desember 2020
Stad:
Sogndal opplæringssenter
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Astrid Terese Aam
Målgruppe:
Kommunen

Kontaktpersonar