Tilsyn med Øygarden kommune - Skogsvåg skule med tema skulemiljø

Tilsynet vil kontrollere om Øygarden kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrifter. For å kontrollere dette undersøkjer Fylkesmannen Skogsvåg skule sitt system og praksis knytt til temaet skulemiljø.

Tema for tilsynet er skulens aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø.

Under dette deltemaet vil vi undersøke:

  • Plikta til å følgje med og gripe inn, varsle, undersøke og sette inn tiltak ved mistanke og eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
  • Plikta til å straks varsle, undersøke og sette inn tiltak dersom ein som arbeider på skulen, krenker ein eller fleire elevar.
  • Plikta til å gjennomføre, evaluere og tilpasse tiltak

Tilsynstemaet er forankra i opplæringslova §§ 9 A-2, 9 A-3, 9 A-4, 9 A-5, A-9, og forvaltningslova § 11.

 

Dato:
29. mai 2020 - 30. oktober 2020
Stad:
Øygarden kommune - Skogsvåg skule
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Lill Mona Solberg
Målgruppe:
Kommunen

Kontaktpersonar