Tilsyn med Bømlo kommune - Bremnes ungdomsskule med tema skulemiljø

Tilsynet vil kontrollere om Bømlo kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrifter. For å kontrollere dette undersøkjer vi Bremnes ungdomsskule sitt system og praksis knytt til temaet skulemiljø.

Tema for tilsynet er skulens plikt til å arbeide førebyggjande og informere og involvere elevar og foreldre.

Under dette deltemaet vil vi undersøke:

  • Plikta til å arbeide førebyggjande, kontinuerleg og systematisk for å fremje eit trygt og godt skulemiljø.
  • Plikta til å informere og involvere elevar og foreldre i arbeidet med skulemiljøet.

Tilsynstemaet er forankra i opplæringslova §§ 9 A-3, 9 A-8, 9 A-9, 11-1a og forvaltningslova § 11.

 

Dato:
29. mai 2020 - 5. oktober 2020
Stad:
Bømlo - Bremnes ungdomsskule
Ansvarleg:
Fylkesmannan v/Lill Mona Solberg
Målgruppe:
Kommunen

Kontaktpersonar