Tilsyn med Flora kommune - barnehagelova § 19 g om barn med nedsett funksjonsevne

Dato:
3. juli 2019 - 24. september 2019
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Marte Byrkjeland
Målgruppe:
Kommunen

Fylkesmannen i Vestland skal i 2019 gjennomføre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit, og kontrollere at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod jf. barnehagelova kap V A § 19 g.

Publisert 04.07.2019

Det er kommunen som etter § 19 g skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunen skal skrive vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet, jf. § 19 g andre ledd. Det er kommunen som er økonomisk ansvarleg for tilrettelegginga. For å sikre at plikta om kommunal tilrettelegging blir oppfylt, må forvaltningsrettslege krav vere innfridd, jf. forvaltningslova § 27.

Tilsynet vil bli gjennomført med ein gjennomgang av innsendt dokumentasjon. Fylkesmannen har høve til å følgje opp dokumenttilsynet med eit stadleg tilsyn dersom det er grunn til det.

Kommunen vil få ein rimeleg frist (inntil tre månader) til å rette opp eventuelle regelverksbrot  som måtte gå fram av tilsynsrapporten.

Dato:
3. juli 2019 - 24. september 2019
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Marte Byrkjeland
Målgruppe:
Kommunen

Dokument