Tilsyn med Vik kommune - grunnskuleopplæring for vaksne

Fylkesmannen i Vestland skal føre tilsyn med Vik kommune med tema grunnskuleopplæring for vaksne. Temaet er eitt av fleire tema som Utdanningsdirektoratet har vald ut for felles nasjonale tilsyn på opplæringsområdet i perioden 2018-2021.

Tilsynet går ut på å kontrollere om Vik kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrift. For å kontrollere dette undersøker vi kommunens praksis ved Vik vaksenopplæring.

Under dette temaet vert desse punkta kontrollerte:

  • Gje rettleiing og vurdere retten til vaksne som ynskjer/søkjer om grunnskuleopplæring, kartleggje opplæringsbehov og gjennomføre realkompetansevurdering.
  • Gjere vedtak som oppfyller opplæringsretten og oppfyller krava til enkeltvedtak, samt å sette i gang opplæringa.
  • Kommunen sitt forsvarlege system for å følgje opp rettleiinga og handsaminga av søknadar. 

Kommunen vil få ein rimeleg frist (inntil tre månader) til å rette opp eventuelle regelverksbrot som måtte gå fram av tilsynsrapporten.

 

Dato:
24. mai 2019 - 23. september 2019
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Astrid Terese Aam
Målgruppe:
Kommunen

Kontaktpersonar

Dokument