Tilsyn med Askvoll kommune - barnehagelova § 19 g om barn med nedsett funksjonsevne

Fylkesmannen i Vestland skal i 2019 gjennomføre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit, og kontrollere at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod jf. barnehagelova kap V A § 19 g.

Det er kommunen som etter § 19 g skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunen skal skrive vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet, jf. § 19 g andre ledd. Det er kommunen som er økonomisk ansvarleg for tilrettelegginga. For å sikre at plikta om kommunal tilrettelegging blir oppfylt, må forvaltningsrettslege krav vere innfridd, jf. forvaltningslova § 27.

Tilsynet vil bli gjennomført med ein gjennomgang av innsendt dokumentasjon. Fylkesmannen har høve til å følgje opp dokumenttilsynet med eit stadleg tilsyn dersom det er grunn til det.

 

Dato:
27. mai 2019 - 12. desember 2019
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Berit Rygg
Målgruppe:
Kommunen

Kontaktpersonar

Dokument