Tilsyn med Voss kommune - grunnskuleopplæring for vaksne

Fylkesmannen i Vestland skal føre tilsyn med Voss kommune med tema grunnskuleopplæring for vaksne. Temaet er eitt av fleire tema som Utdanningsdirektoratet har vald ut for felles nasjonale tilsyn på opplæringsområdet i perioden 2018-2021.

Tilsynet går ut på å kontrollere om Voss kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrift. For å kontrollere dette undersøker vi kommunens praksis ved Voss vaksenopplæring.

Under dette temaet vert desse punkta kontrollerte:

  • Gje rettleiing og vurdere retten til vaksne som ynskjer/søkjer om grunnskuleopplæring, kartleggje opplæringsbehov og gjennomføre realkompetansevurdering.
  • Gjere vedtak som oppfyller opplæringsretten og oppfyller krava til enkeltvedtak, samt å sette i gang opplæringa.
  • Kommunen sitt forsvarlege system for å følgje opp rettleiinga og handsaminga av søknadar.
Dato:
8. februar 2019 - 1. oktober 2019
Stad:
Voss
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Andreas Bratshaug Stenersen
Målgruppe:
Voss kommune

Dokument