Tilskot til utviklingsprosjekt i barneverntenesta

Søknadsfrist:
1. november 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunale barneverntenester
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
Kommunane i Vestland

No kan kommunar søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt i barneverntenestene. I år er det 4,7 millionar i potten for kommunane i Vestland.

Publisert 27.02.2020

Barneverntenestene kan som tidlegare søke om midlar til prosjekt som dei sjølv har identifisert dei har behov for. Det er 1 500 000 kroner som skal fordelast til dette formålet.

Kommunane kan òg søke frå ein pott på 3 200 000 kronar til utviklingsprosjekt til styrking av kommunalt fosterheimsarbeid.

Det er to viktige krav for å søke om stimuleringsmidlar i regi av læringsnettverket:

  • utviklingsprosjektet må være eit samarbeid mellom fleire kommunar
  • samarbeid med minst eit kompetansemiljø

Les meir om søknadskrava i retningslinjer for å søke om tilskot. 

Her finn de elektronisk søknadsskjema og ein mal for prosjektplan som skal lastas opp som vedlegg til søknaden. 

Søknadsfrist:
1. november 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunale barneverntenester
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
Kommunane i Vestland