Opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Tilskotet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane og fylkeskommunen til å gje grunn- og vidaregåande opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg.

Grunnskuleopplæring

Barn og unge asylsøkjarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskotsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskuleopplæring. Elevar i alderen 16-18 år utløyser statstilskot. Fyller eleven 18 år i løpet av skuletida blir det gitt tilskot ut dette skuleåret. Kommunane søker Fylkesmannen om tilskot. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkjaren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskotet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskotet bort.

Vidaregåande opplæring

Unge asylsøkjarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskotsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring. Fyller eleven 18 år i løpet av året blir det gitt tilskot ut dette skuleåret. Fylkeskommunen søker Fylkesmannen om tilskot. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkjaren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskotet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskotet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskule") utløyser ikkje tilskot over denne tilskotsordninga.

Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema i høgremenyen.

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
05.10.2020 00:00:00
Målgruppe:
Barn og unge som søkjer opphald i Noreg
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Mats Petter Sydengen
Kven kan søkje:
Kommunar og fylkeskommunen