Midlar til symjeopplæring i barnehage 2020

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje om tilskot for 2020.  Kommunen som barnehagemyndigheit sendar søknadar frå barnehagar samla til Fylkesmannen.  

Illustrasjonsfoto symjeopplæring i barnehagen. Foto Pixabay

Tilskot

Fylkesmannen i Vestland lyser med dette ut tilskotsmidlar for symjeopplæring til barn i barnehagar. Fylkesmannen har fått tildelt kr. 8 088 000 som skal nyttast til formålet. Det kan søkast om inntil kr. 1 900 pr. barn. Ein kan søkje om tilskot for eitt kalenderår om gongen.

Mål for opplæringa

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.

Vilkår for tilskot

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid, og skal i hovudsak skje i basseng. Midlane kan også brukast til å dekke transportutgifter til og frå symjehall.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar og frivillige organisasjonar må sjølve dekkje kostnader ut over tilskotet.

Søknad om tilskot

Kommunen tek i mot søknadar frå barnehagane, og sendar desse samla til Fylkesmannen.  Organisasjonar søkjer direkte til Fylkesmannen. Søknadane blir behandla fortløpande. Søknadsfrist er 10. juni 2020. Dei som fekk midlar i 2019, må ha levert rapport før nye midlar kan bli utbetalt.

Søknadsskjemaet finn de på heimesida til Fylkesmannen i Vestland

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2020  rapportere til Fylkesmannen om bruk av midlane. Rapporteringsskjema, vert lagt på Fylkesmannen si heimeside.

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
01.09.2020 00:00:00
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Jannicke Haaland Haarr
Kven kan søkje:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
Rapporteringsfrist:
01.12.2020 15:45:00

Kontaktpersonar