Tilskot til kommunalt rusarbeid

Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem.

Ordninga skal understøtte måla i Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020) med vekt på mellom anna auka brukarmedverknad i tenestene, tidleg innsats og meir heilskapleg og tilgjengelege behandlings- og oppfølgingstenester. Medarbeidarar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar kan tilsettast gjennom ordninga.

Vi gjer merksam på at både rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2019 og søknad om tilskot i 2020 er 1. mars.

Regelverk for tilskotet

Les regelverket nøye før du fyller ut søknadsskjema. Sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringar, overgangsreglar og presiseringar. Regelverket finn du også under fana «Lenkjer».

Her kan du søkje gjennom Fylkesmannens elektroniske søknads- og rapporteringsløysing. 

Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet. 

Rapport om bruken av tilskot i 2019

Den nye kommunen har ansvar for å oppfylle dei krava som er stilt i tilskotsbrev i 2019 til dei kommunane som no inngår i ny kommune.

Ved rapportering og søknad om vidareføring av tilskot, er dette framgangsmåten:

  • Det skal rapporterast særskild for kvar av dei tidlegare kommunane som har motteke tilskot i skjemaet sin kategori «Kommunar som blir nedlagde frå 1.1.2020 og som skal rapportere for 2019»
  • Ny kommune skal søke om vidareføring av tilskot i skjemaet sin kategori «Kommunar/bydelar som søkjer om vidareføring av tilskot og/eller tilskot til ny(e) stilling(ar)».

Ved spørsmål av fagleg karakter, ta kontakt med Mona Fauskanger eller Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar». Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til skjema@fylkesmannen.no.

 

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
01.03.2020 23:59:00
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søkje:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
01.02.2021 23:59:00