No kan du søkje støtte til tiltak mot marin forsøpling

Miljødirektoratet har i år 70 millionar kroner som skal fordelast på ulike opprydningsprosjekt og førebyggande tiltak mot marin forsøpling. Fristen for å søkje er 7. februar 2020.

 

Det skal søkjast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. 

Kva kan det søkjast tilskot til?

Det kan søkjast om tilskot til førebyggende tiltak og opprydding i strandsona, på sjøbotnen og også knytta til elvebredder og vassdrag. Det kan søkjast om tilskot på fastlandet og på Svalbard.

Minstesummen det kan søkjast om er 300 000 kroner.

Kven kan søkje?

  • Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftingar registrert i einingsregisteret
  • Private verksemder som ikkje er enkeltpersonforetak
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan, slik som avfallsselskap og friluftsråd

Les meir hos Miljødirektoratet.

Søknadsfrist:
07.02.2020 23:59:00
Målgruppe:
Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftingar registrert i einingsregisteret. Private verksemder som ikkje er enkeltpersonforetak. Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan, slik som avfallsselskap og friluftsråd
Ansvarleg:
Toril Marie Mulen
Kven kan søkje:
Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftingar registrert i einingsregisteret. Private verksemder som ikkje er enkeltpersonforetak. Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan, slik som avfallsselskap og friluftsråd

Kontaktpersonar