258 millionar kroner til kommunale klimakutt

Klimaendringane er her. Det er viktig å redusere klimagassutsleppa i kommunane, samstundes som ein arbeider aktivt med klimatilpasning. Fylkesmannen oppmodar alle kommunar om å søkje klimasatsmidlar. Fristen er 15. februar 2020

Kva er Klimasats?

Klimasats støttar tiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar som reduserer utslepp av klimagassar og bidreg til overgangen til eit lågutsleppsamfunn.

Miljødirektoratet har sett av 258 millionar kroner til bruk på klimatiltak i 2020. Av desse er 77 millionar sett av til utvikling av hurtigbåtar med løysingar for null- og lågutslepp. 

Søknadane må vere politisk forankra

Etatane kan søke tilskot saman eller kvar for seg. Klimasatsstønaden må vere utløysande for at tiltak blir iverksett. Etatane må sjølv gå inn med eigeninnsats, og søknadane må vere politisk forankra. 

Kva tiltak kan ein søke om?

Tiltaka er delt i seks grupper:

  • Klimavenleg areal- og transportplanlegging
  • Klimavenleg transport, gjennomføring
  • Hurtigbåtar - gjennomføring og forprosjekt
  • Klimareduserande tiltak i andre sektorar
  • Forprosjekt for klimagass-reduserande tiltak
  • Interkommunale nettverk

Søkarane blir oppmoda til å tenkje breitt og heilskapleg på korleis dei vil redusere klimagassutsleppa. Tiltak som gir store reduksjonar i klimagassutslepp vil bli prioriterte.

Slik søker du støtte frå Klimasats

Miljødirektoratet har arrangert eit webinar for Klimasats-søkarar. Webinaret gir ei rask innføring i det ein treng å vite om ein skal søke støtte. Sjå webinaret i opptak på www.miljokommune.no.

Her kan du sjå tidlegare tildelingar

Alle tidlegare klimasatstildelingar er tilgjengelege og kan nyttast fritt til inspirasjon og gjenbruk.

Klimasats omfattar ikkje klimatilpassing, som det er ei eiga støtteordning for

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15.02.2020 23:59:00
Målgruppe:
Kommunar og fylkeskommunar
Ansvarleg:
Miljødirektoratet
Kven kan søkje:
Kommunar og fylkeskommunar

Kontaktpersonar