Tilskot til fiskeformål

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og utvikle bestandar av ville anadrome laksefisk, og leggje til rette for fiske etter anadrome laksefisk.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye
  • Anvend forsking og overvaking
  • Tiltak til å betre tilgangen til og moglegheita til fiske for ålmenta
  • Informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader om tilskot til tiltak av lokal karakter skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Nasjonale tiltak skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak.

Om søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan.

Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Fylkesmannen.

Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida. Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist:
15.01.2020 23:59:00
Målgruppe:
Frivillige organisasjonar, forskingsinstutitsjonar, kommunar og interkommunale organ
Ansvarleg:
Fylkesmannen