Møte i fylkesberedskapsrådet i Hordaland 2018

Fylkesberedskapsrådet i Hordaland var igjen samla til det faste årlege møtet 18. og 19. januar 2018. Tema denne gongen var IKT-tryggleik og samvirke, med bidrag frå både sentrale myndigheiter og frå medlemane i fylkesberedskapsrådet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2019

Fylkesmann Lars Sponheim opna samlinga med å oppsummere året som har gått og sine tankar om framtida. Samlinga var det siste planlagde møtet for fylkesberedskapsrådet i Hordaland, før samanslåing av fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane frå 2019.

 

Frå samling for fylkesberedskapsrådet i Hordaland 2018

Fylkesmann Lars Sponheim opner den årlege samlinga for fylkesberedskapsrådet i Hordaland (foto: Alfa S. Winge/FMHO)

 

IKT-tryggleik og cyberangrep er mykje omtalt i media for tida, og var tema for første dag av samlinga. Nasjonalt tryggleiksorgan (NSM) innleia først om det overordna trusselbiletet sett frå nasjonalt nivå, sårbarheiter og cyber-truslar Noreg blir utsett for. Øyvind Grinde frå Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) gav innsikt i, og gode råd om styring og kontroll av informasjonstryggleik, med merksemd på korleis leiarar bør arbeide med dette. Gunnar A. Johansen frå HelseCERT og Norsk Helsenett avslutta dagen med innlegg om korleis dei jobbar med å førebygge, avdekke og handtere cyber-angrep, og delte erfaringar og råd. Blant oppgåvene til HelseCERT er mellom anna overvaking av helsenettet og varsling av cyberangrep, som til dømes dataangrepet på Helse Sør-Øst som har vore mykje omtalt i media den siste tida.

 

Dag to av samlinga var via til samvirke. Kommunaldirektør Robert Rastad og beredskapssjef Ivar Konrad Lunde frå Bergen kommune delte erfaringar og læringspunkt frå Samvirkesenteret under Sykkel-VM i 2017. Kommunen ønskjer å byggje vidare på erfaringane frå arbeidet med Sykkel-VM, og arbeider med utvikling av "Samfunnssikkerhetens hus" med mellom anna eit mål om å skape ei beredskapsklynge på tvers av offentlege og private aktørar i regionen.

 

Frivilligheit som ressurs i beredskapsarbeidet var temaet då dagleg leiar i Hordaland Røde Kors, Lars Atle Skorpen, fortalte om roller og rammevilkår for frivillige organisasjonar med beredskapsoppgåver. Fylkesberedskapsrådet fekk òg ei omvising i eit av Hordaland Røde Kors sine nye mobile operasjonsrom, og fekk vite meir om satsingane til organisasjonen framover. Endre Ytreland, regionleiar i Redningsselskapet fortalte til slutt om frivillige organisasjonar som viktige sosialt inkluderande arenaer.

 

Medlemer i fylkesberedskapsrådet får omvising i mobilt operasjonsrom frå Hordaland Røde Kors (foto: Alfa S. Winge/FMHO)

 

"Den menneskelege faktor som grunnlag for god beredskap" var tittel på det avsluttande innlegget på samlinga. Anne Margrethe Bollmann, distriktssjef i Hordaland sivilforsvarsdistrikt, delte tankar om kva som skal til for å få til eit godt samvirke mellom alle som har rednings- og beredskapsoppgåver.

 

Anne-Margrete Bollmann, distriktssjef i Hordaland sivilforsvarsdistrikt

Anne-Margrete Bollmann, distriktssjef i Hordaland sivilforsvarsdistrikt (foto: Alfa S. Winge/FMHO)

 

Innleiarane bidrog til gode og engasjerte diskusjonar i fylkesberedskapsrådet dei to møtedagane. Fylkesmann Lars Sponheim oppsummerte samlinga og arbeidet vidare, og oppmoda medlemene om å kome med innspel til arbeidet framover dersom dei har det.

 

Presentasjonar frå innleiarane og program ligg ved.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.