Årleg samling i fylkesberedskapsrådet 2019

Det nye fylkesberedskapsrådet i Vestland var samla til si første årlege samling i Førde 10. og 11. april 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2019

Fylkesmann Lars Sponheim innleia samlinga med å oppsummere hendingar, tema for møtet og viktige diskusjonar og innspel til det nye fylkesberedskapsrådet sitt arbeid.

Bente Hoff frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) innleia om IKT-tryggleik, NSM sine oppgåver, dagens utfordringsbilete og kva verksemder må bli betre på. Eivind Hansen frå Helse Bergen var òg utfordra til å bidra, og innleia om Helse Vest sitt førebyggande arbeid.

Kamilla Nordvang frå Helsedirektoratet og Olav Øvstebø frå Helse Stavanger fortalte om nasjonal helseberedskapsøving som vart gjennomført i samband med NATO-øvinga Trident Juncture i 2018.

Deltakarar på møtet i fylkesberedskapsrådet

Det var sett av tid i programmet til "speakers corner" der medlemer av rådet fekk høve til å orientere om ulike tema. Fylkesberedskapsrådet fekk orientering om status for Vest brann- og redningsregion, Samfunnssikkerhetens hus i Bergen og Vest politidistrikt. PLIVO og radikalisering, Røde Kors si merksemd på eigenberedskapskampanjen til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og psykososial oppfølging vart òg orientert om.

Fylkesmann Sponheim, fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand og seniorrådgjevar Alfa Sefland Winge orienterte om arbeid med ny fylkesROS for Vestland, og inviterte fylkesberedskapsrådet til diskusjon i møtet, og til å gje innspel og bidra i arbeidet med den nye analysen.

Første møtedag av samlinga vart avrunda med diskusjonar om korleis det nye fylkesberedskapsrådet skal brukast. Politimeister Kaare Songstad, konsernsjef i BKK Wenche Teigland og regionsjef i NVE Brigt Samdal var utfordra til å innleie diskusjonane i rådet.

På dag to av samlinga var erfaringar frå øvinga Trident Juncture 2018 hovudtema. Sverre Engeness frå Forsvarets operative hovedkvarter, Cecilie Daae frå DSB og Mari Severinsen frå Fylkesmannen i Vestland innleia om erfaringar frå øvinga med perspektivet til dei ulike organisasjonane, og opna for gode diskusjonar i fylkesberedskapsrådet.

Knut Oscar Gilje frå Næringslivets sikkerhetsorganisasjon avrunda som siste innleiar om industrivern, med særskilt vekt på ressursen dei er for samvirke og samfunnet rundt.

Fylkesmann Sponheim oppsummerte og takka for eit interessant møte med viktige tema og gode diskusjonar.  

 

Referat, program og presentasjonar ligg ved artikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.