Informasjon om utbrotet av koronavirus

Illustrasjonsfoto (foto: DSB)
Illustrasjonsfoto (foto: DSB)

Det er for tida mykje medieomtale av utbrotet av koronavirus og det første påviste tilfellet i Noreg. Her er generelle råd frå helsestyresmaktene og oversikt over informasjon til publikum og helsepersonell.

Sist oppdatert: 27. februar 2020, informasjon om det første påviste tilfellet av koronavirus i Noreg.
26. februar: oppdatert lenke til smittevernplakatar på Helsedirektoratet sine nettsider.

Artikkelen blir oppdatert minimum kvar måndag kl. 12.00.

Det første tilfellet av koronavirus i Noreg vart påvist i Tromsø onsdag 26. februar. Personen hadde vore i utbrotsområdet i Kina, og vart etter ei individuell vurdering testa for koronavirus etter å ha kome heim til Noreg. Personen hadde ikkje symptom på koronavirussjukdom. Vedkommande har vore passasjer på eit innlandsfly frå Oslo til Tromsø nokre dagar før smitta vart påvist. Det er svært lite sannsynleg at personen har vore smittsam under flyturen, men helsemyndigheitene arbeider likevel med å kontakte alle som kan ha vore i kontakt med vedkommande på flyturen. Som eit føre var-tiltak er vedkommande i karantene i eigen heim, men Folkehelseinstituttet vurderer det som svært lite sannsynleg at personen utgjer ein smitterisiko for andre.

Først og fremst er det viktig å streke under at nasjonale helsemyndigheiter er tydelege på at vi skal leve som normalt. Helsemyndigheiter på nasjonalt, regionalt og lokalt (kommunane) nivå har i lengre tid førebudd rutinar for handtering av eit utbrot av koronavirus i Noreg. Helsemyndigheitene følgjer situasjonen tett, og informerer fortløpande dersom den endrer seg.

Vi er samstundes i ei tid med sesonginfluensa der toppen er forventa nådd i februar/mars, og det er difor viktig med god hoste- og handhygiene for å avgrense smittespreiing. Dei same råda gjeld òg for koronavirus.

Kvar finn du meir informasjon?

Informasjon til publikum

Informasjon om sesonginfluensa og koronavirus (covid19) til publikum blir jamleg oppdatert på helsenorge.no. Sjå òg tilrådde smitteverntiltak lenger nede i denne artikkelen.

Råd til helsepersonell

Sist oppdaterte råd og informasjon til helsepersonell ligg på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Informasjonsmateriell - plakatar og informasjonsskriv

Plakatar om smittevern som er å sjå på m.a. offentleg transport og flyplassar, på skular og i barnehagar er publisert på Helsedirektoratet sine nettsider

Kva gjer du om du mistenker at du kan ha vore utsett for smitte av koronavirus?

  • Kontakt fastlege/legevakt per telefon for å avtale prøvetaking og timeavtale/behandling.

 

Enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak

Myndigheitene har merksemd på å oppmode alle om å gjere enkle smitteverntiltak for å ta omsyn og avgrense smittespreiing. Det er særleg viktig å ta omsyn til dei som har anna sjukdom og redusert helsetilstand frå før, og som vil kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta av influensasjukdom.

  • Bruk papirlommetørkle foran munn og nase for å beskytte andre, dersom du hostar eller nyser. Kast lommetørkleet etter bruk, og vask deretter hendene.
  • Bruk albogekroken når du må hoste og nyse, og ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med alkoholhaldige middel er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, til dømes på reise.

Bruk av munnbind er kun tilrådd for helsepersonell

Det er svært lite som tyder på at bruk av munnbind hjå friske menneske i vanleg sosial omgang har nokon effekt – tvert om kan munnbind ved feil bruk føre til auka risiko for smitte og sjukdom. Folkehelseinstituttet har publisert ein artikkel som forklarar meir om dette.

Fylkesmannens ansvar og rolle 

Fylkesmannen v/fylkeslegen er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi vidareformidlar informasjon frå Helsedirektoratet til m.a. kommuneoverlegane i Vestland, melder innspel og spørsmål frå kommunane tilbake til sentrale styresmakter, og legg til rette for samvirke mellom relevante aktørar i fylket på regionalt nivå. 

Vi skal vere merksame på smittevernet i fylket, ha oversikt over og kunnskap om lokale smittevernplanar, og yte bistand ved behov. 

Status for smittevernplanar i kommunane

Fylkesmannen har nyleg kartlagt status for smittevernplanar for kommunane i Vestland, og har kome til at desse er tilstrekkeleg oppdaterte. Vi har publisert ein artikkel om kartlegginga.

 

Plakat frå folkehelseinstituttet om smittevernstiltak

Plakat frå folkehelseinstituttet om smittevernstiltak (Foto: FHI)